Dronningens Corgi

Om filmen

Originaltittel: The Queen's Corgi

Premiere: 2020-02-14

Varighet: 85

Sjanger: Barnefilm, Animasjon

Aldersgrense: 6 år

Originalspråk: Norsk

Regissør: Vincent Kesteloot, Ben Stassen

Med Victor Sotberg, Stina Talling, Anders Bye og Siri Nilsen. Sidan corgi-hunden Rex kom til Buckingham Palace har han levd eit liv i luksus. Som kronhund og den soleklare favoritten til dronninga har han lagt seg til ei nokså irriterande og arrogant haldning. Når han ein dag greier å klosse det skikkeleg til under ein diplomatisk middag på slottet mellom kongefamilien i England og USAs president blir det rabalder. Etter å ha vorte lurt og svikta av ein av sine eigne, finn Rex seg sjølv åleine og heimlaus ute på gatene i London. Etter kvart blir han plassert i ein ekkel kennel for hundar som absolutt ikkje er av kongeleg adel. Korleis kunne dette skje!? Rex innser sakte men sikkert at han må endre haldningane sine, og at venene hans i kennelen faktisk ikkje er så verst likevel. Gjennom nye vennskap og erfaringar startar han på ei reise mot å bli ein betre hund, og for å finne heim til slottet og den kjære dronninga si att. Dronningens corgi er ein morosam animasjonsfilm for heile familien - med den britiske kongefamilien og dei sjarmerande corgi-hundane deira i hovudrollene.