Ein julekonsert med Moddi

Om arrangementet

NB! Billettsalet startar fredag 2. mai kl. 10:00.

Kva er lyden av jul? For mange er det fyrst når Moddi sin versjon av "Nordnorsk julesalme" strøymer ut av radioen at julefreden verkeleg senkar seg. Musikaren frå Senja fekk gjennombrotet sitt då han i 2011 vart handplukka av kronprins Haakon til Slottets julekonsert. Sidan den gong har han vorte allemannseige, og i fjor ga Moddi for fyrste gong ut sitt eige julealbum, "Denna tida i fjor".

"Eg ville lage ei annleis juleplate – ei som blandar alt det vakre juletida har å by på med det bittersøte og vonde som vanlegvis ikkje får plass i julemusikken," seier Moddi om "Denna tida i fjor". Albumet er fylt med minneverdige songar, med gjestebidrag frå mellom andre Frida Ånnevik, Arktisk Filharmoni og 11 år gamle Hanne Bjerkmann.

"Eg har prøvd å lage ei plate som får fram kontrastane i jula. Eg trur det er fleire enn berre eg som treng det," held han fram.

Mot jul inviterer Moddi til ei rekkje intime konsertar, der publikum får servert varme, ettertenksame tolkingar av både tradisjonelle og nye julesongar.

Konserten blir eit unikt høve til å oppleve Moddi på sitt mest fortrulege, med eit akustisk, nedstrippa lydbilete som let stemma, bodskapen og historia stå i sentrum.


På scena:
Pål Moddi Lue - gitar, trekkspel, sang
Katrine Schiøtt - cello, sang
Sverre Laupstad - piano, sang
Synne Stenersen - lyd