Fjols til Fjells

Billettar

Om filmen

Tittel: Fjols til Fjells

Premiere: 2020-02-21

Varighet: 1t 27min

Sjanger: Komedie

Aldersgrense: 6 år

Originalspråk: Norsk

Regissør: Petter Holmsen

NB! Visningen torsdag 5. mars er strikkekino :-) Alt som kan gå gale, går gale i den nye norske påskekomedien Fjols til Fjells. Fjols til fjells er ein oppfølgjar til, og inspirert av, originalfilmen frå 1957. Filmen utspelar seg i den moderne norske fjellheimen og tek med eit skeivt blikk for seg både gamal og ny påskeferietradisjon. Den unge og altfor serviceinnstilte hotellresepsjonisten Poppe må brått og uventa ta ansvaret for heile hotellet gjennom den hektiske påskeveka. Det oppstår umiddelbart kaos når krevjande skigjester, frustrerte hyttenaboar, klønete danskar, festglade ungdomar og misfornøgde tilsette møtest til ein påskeferie fylt med dei merkelegaste historier, konfliktar og overraskingar. Og det blir ikkje enklare når det skal leggjast til rette for eit tradisjonelt barneskirenn, ein gigantisk afterski og ei respektfull feiring av den eigentlege påskebodskapen – samtidig!