Før mørket

Billettar

Denne filmen kan du sjå på kino til 50% forkinoklubb-medlemar

Om filmen

Originaltittel: Før mørket

Premiere: 2025-02-28

Varighet: 1t 30min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Norsk

Regissør: Eirik Svensson

FØR MØRKET er basert på den sanne historia om 15 dramatiske timar på Leger Uten Grenser sitt feltsjukehus i Bangui juleftan 2013.

Borgarkrigen mellom kristne og muslimske militsar herjar i Den sentralafrikanske republikk. Linn (Kristine Kujath Thorp) leier eit team med hjelpearbeidarar som jobbar på spreng for å redde liv i eit provisorisk feltsjukehus utanfor den massive kristne flyktningeleiren i hovuddstaden Bangui. Brått spring ein desperat mann inn på klinikken. Han er muslim, og det er tydeleg at nokon følgjer etter han og at han er i livsfare. Alle held pusten. På utsida av sjukehusgjerdet veks sinnet i menneskemassane. Den kristne militsen vil ha muslimen utlevert og drept. Linn har ansvar for sikkerheita. Utan våpen og anna å forsvare seg med må ho ta umoglege val, handle raskt og bryte alle reglar. Skal ho overlate eit menneske til den sikre død, eller risikere livet til dei alle?