Johnsens lille viseverksted - For seint å gi opp!

Om arrangementet

Visetrio som byr på ein god, gammaldags visekveld, der det heile er eit VIPPS-arrangement: Publikum bestemmer kva dei vil betale!

Velkomen til visekonsert og bokpresentasjon med hyggeleg prat. Johnsens lille viseverksted består av Tor Arne Johnsen, song & gitar - Svein Olav Blindheim, bass & kor - Grete Felberg, trekkspel & kor.

Tor Arne Johnsen har ein lang karriere innan radio og teater. Han har gjeve ut diktsamlinga Fuglaonge, som handlar om tidleg barndom i Haugesund. Tor Arne vil snakke om arbeidet med boka og lese utvalde dikt. Svein Olav Blindheim har gjort stor suksess som medlem av Gutta på skauen, som m.a. har gjeve nytt liv til songar skrive av fangane på Grini. Svein Olav har med seg den nyaste boka si Gledens druer, og vil servere smaksprøver frå den. Grete Felberg har ei lang karriere både som musikar, lærar og rektor.

Johnsens lille viseverksted har fått namnet fordi repertoaret nettopp består av viser som Tor Arne har brukt tid på å forbetre. Publikumsreaksjonane har overgått all forventning. Det har vore latter, smil og tårer. Det er heilt tydeleg at særleg det vaksne publikummet set pris å høyre ny musikk med fokus på samspelet mellom god melodi og god tekst.

Etter konserten vil det vere høve til å kjøpe cd-ar og bøker.


Gratis inngang!
For å sikre deg plass kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.