Foredrag: Geolog Johan Petter Nystuen

Om arrangementet

Er det verd å ta vare på flyttsteinar og spor etter siste istid?

Ål har mange spor etter siste istida, lite kjent for dei fleste. Store steinar og blokkar har fått fantasien til mennesket i sving: Kvar kjem steinane frå, og kvifor ligg dei der dei ligg? Overtru om jotnar og troll, eller den bibelske syndfloden har gjort store steinar til ein del av kulturarven. I dag veit me at dei fleste store steinar er flyttblokkar frakta lange avstandar av isbrear. Nokre ligg att som ruggesteinar som kan gyngast  på eit vippepunkt trass i vekt på mange tonn! Flyttblokkar har i nyare tid fått auka fokus. Nokre har vorte freda og er populære turistmål i mange land. Istidslandskapet i Ål, med daudisgroper, store flyttblokkar og ruggestein ved Torpo, er ein fin naturarv, besøksmål for lokalbefolkninga og andre. Nokre av felta ligg i område der det kan vere motstridande næringsinteresser. 

Foredragshaldar Johan Petter Nystuen er geologiprofessor ved Universitet i Oslo og har brei erfaring om temaet.

Støtta av: Visit Ål, Buskerud geologiforening og Naturvernforbundet i Buskerud

Gratis inngang.
For å sikre deg plass kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.