Foredrag: Teresie Hommersand - Frå Sør-Afrika til Nordkapp på sykkel

Om arrangementet

Etter 6 år i Cape Town bestemte Teresie Hommersand seg for å sykle heim i staden for å fly, grunna klimaendringane og eit ynskje om å redusere sitt eige karbonfotavtrykk.
25 000 km, 26 land og 4 år på sykkel. Bli med på ei unik reise på to hjul! Gjennom spektakulære landskap, rike kulturar, lammande 50°C og bitande -30°C. Dette foredraget handlar om meir enn det å sykle. Det handlar om eit individ sine evne. Mot til å lytte til seg sjølv. Om all omsorga og kjærleiken som har kjenneteikna alle menneskemøta langs vegen, på tvers av landegrenser, kultur, språk, religion, kjønn og generasjonar.
Det handlar om fantastisk natur, nytenking og kreativitet.
Om at det å vera klimavenleg ikkje treng å vera kjedeleg, eller gå ut over livskvaliteten. Tvert imot. Dette handlar om eit eventyr for livet!


Arrangementet er gratis. 
For å sikre deg plass kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.


SYKKELTUR
Laurdag 30. august kl. 12.00 

Lågterskel sykkeltur med Teresie! 
Bli med på sykkeltur i nærnaturen vår - ein rundtur frå sentrum, via Satakroken camping og Sulutjern. Det blir roleg tempo og fleire stopp på vegen, med kulturelle innslag. Møt opp utanfor hovudinngangen til Ål kulturhus. 
Ta med drikke og matpakke. 
Har du ikkje eigen sykkel, kan du låne på BUA (avgrensa antal).
Turen varar ca. 2 timar.
Gratis. Ingen påmelding.

For meir informasjon: Kontakt Ål bibliotek eller Ål frivilligsentral.