Jan Davidsen - Korleis kan me førebu oss på den store auken i talet på eldre?
Billettar
Om arrangementet
Jan Davidsen i Ål kulturhus
Korleis kan me saman førebu oss på den store auken i talet på eldre?
Temaet gjeld korleis me kan utvikle eit lokalsamfunn som er godt å bli eldre i, med vekt på bustader, transport, aktivitet, møteplassar, førebygging og frivilligheit.
Dette er ei god anledning til å høyre Jan Davidsen sine vurderingar av utfordringane me står framfor – og til å diskutere kva me lokalt kan gjere saman for å møte dei.
Vel møtt til ei viktig samtale om framtida for eldreomsorg og lokalsamfunn i Hallingdal.
