Forfattarbesøk: Anders Totland

Om arrangementet

Han har gjeve ut 18 bøker på 10 år, og er ifølgje Aftenposten kanskje sin generasjons mest allsidige forfattar. Då romanen om den pensjonerte presten, birøktaren og sprithandlaren Jacob Juul kom ut i 2022 gjekk boka rett inn på den nasjonale bestseljarlista, vart selt til fleire andre land - og skal i tillegg bli film. I 2024 kom Anders Totland med det forlaget kalla ein nokså frittståande oppfølgjar - Til døden skil oss.

Om bøkene: Det er ei veke til den nye presten i bygda, Maria, skal gifta seg med Gjertrud, og gamlepresten Jacob Juul har tatt på seg vertskapsrolla og invitert til bryllaupsfest i prestegarden. Han får god hjelp av barnebarnet, Isabella Donnatina, som også skal vera brudepike, og ikkje fullt så god hjelp frå mor til Maria, som viser seg å vera ein handfull. Men heldigvis er det fleire andre gode hjelparar. Det er derimot ei utfordring at Gjertrud er gravid, og at sommaren er den varmaste i manns minne. Det hjelper heller ikkje at helsa til Jacob skrantar. Det mest prekære er likevel å få fjerna eit nake og oljeglinsande lik frå andre etasje og rista av seg eit par skruppellause bandittar som herjar i nabolaget. Ja, og å overtyde barnevernet om at prestegarden er den rette heimen for Isabella Donnatina, då.

Det er humor, spenning og varme, sydd saman til ei burlesk historie der alt kan skje.

Arrangementet er gratis og ope for alle. For å sikre deg plass, kan du hente ut gratisbillett i eBillett eller i kulturhusskranken.

Velkomen til biblioteket!