Krimtime med Jørn Lier Horst

Om arrangementet

Jørn Lier Horst har bakgrunn som ein av landets mest erfarne politietterforskarar og han er fast ekspert-kommentator i programmet Åsted Norge. 
Mest kjent er han likevel som ein av Nordens mest suksessrike krimforfattarar, med karakteren William Wisting som frontfigur.

Jørn Lier Horst vil her gjennom bilete og døme frå etterforskingskarrieren sin ta oss med i fotspora til drapsmenn og andre brutale forbrytarar - inn bak sperrebanda, inn på åstader og inn i forfattarskapen sin. 

For bøkene sine har Jørn Lier Horst mellom anna motteke den norske Bokhandlarprisen, Rivertonprisen, den nordiske Glassnøkkelen og den prestisjetunge Martin Beck Award. 

Arrangementet er i biblioteket, og det er gratis inngang.


Arrangør: Ål bibliotek