Fortellingen om Karl-Bertil Jonssons julaften

Om filmen

Originaltittel: Sagan om Karl-Bertil Jonssons Julafton

Premiere: 2021-11-26

Varighet: 1t 44min

Aldersgrense: A

Originalspråk: Svensk

Regissør: Hannes Holm

Nokre eventyr fortener å gå i oppfylling! "Fortellingen om Karl-Bertil Jonsson julaften" er ein morosam, varm og fantastisk julefilm som underheld heile familien, gamle og unge. Ein ekte juleklassikar av høgste kvalitet på kino, basert på Tage Danielsson sin kjære original. Historia handlar om 14 år gamle Karl-Bertil som er son til varehusdirektør Tyko Johnsson. Hans veg i livet er å bli som far sin. Men helten til Karl-Bertil er Robin Hood. I filmen vil dette bli teke eit steg lenger enn i TV-versjonen. Den stakkars jenta Vera, systera hennar på barneheimen og den hensynslause barneheimsleiaren krysser alle Karl-Bertil sin veg. Og ingen er seg sjølv lik når historia sluttar. Ikkje ein gong Tyko. Regissert av prisløna og Oscar-nominerte Hannes Holm. (Adam & Eva, TED - for kjærlighetens skyld, Himlen är oskyldigt blå, En mann ved navn Ove og andre.) Filmen er ei dramatisert tilpassing av Tage Danielsson si historie, som gjennom teikneseriefilmen "The Tale of Karl-Bertil Jonsson's Christmas Eve" frå 1975, regissert av Per Åhlin og manus av Tage Danielsson, har vorte ein av dei mest populære julehistoriene i Sverige og har vorte vist på SVT på juleftan kvart år sidan.