Frode Alnæs - Lang Desember Natt. Gjest: Aasmund Nordstoga

Om arrangementet

Velkomen til ein lun og stemningsfull førjulskveld fylt med vakker musikk, høgtid, glimt i auga og god julestemning!

I desember er Frode Alnæs attende med den populære juleturnéen sin, «Lang desember natt», og han har invitert med seg visesongar Aasmund Nordstoga som musikalsk gjest og makker.
Når gitaristen og artisten frå Nordmørskysten møter folkemusikaren og gardbrukaren frå Vinje i Telemark blir det skapt musikalsk julemagi. Det er to sjarmerande og folkekjære artistar med god kjemi og stor respekt for kvarandre som no legg ut på turné ilag.
Konsertane byr på mange musikalske høgdepunkt både frå Frode og Aasmund sine eigne juleplater, i tillegg til gamle og nye songskattar som høyrer jula til.

Frode Alnæs og Aasmund Nordstoga er begge kjent for ein unik formidlingsevne, både musikalsk og verbalt. Og sjølvsagt vil dei også by på muntre og gode historier, der gamle juletradisjonar møter vår tid.

Her er det berre å senke skuldrene og la seg fylle av den gode julestemninga!

Eit kremlag av musikarar følgjer med på ferda:
Jørun Bøgeberg (bass), Eivind Kløverød (trommer/perkusjon) og Freddy Holm (multiinstrumentalist).