Frode Grytten Beat Band: Absolutt juleambivalens!

Om arrangementet

Her kjem eit lite klapp på skuldra til alle dei som ikkje trur på Disney eller Amfi Storsenter eller Hanne Krogh. 
Her er litt søstersolidaritet med alle dei som ikkje trur på den feite julenissen eller Sølvgutane eller etisk juleribbe eller 
Jul i Skomakergata. Her er litt trøyst til alle som lir av absolutt juleambivalens. Her er ei utstrekt hand til alle som berre har lyst til å høyre 
dei aller finaste julesongane som nokon gong er skrive. Garantert fritt for Det hev ei rose sprunge og Gjev Meg Handa Di Ven.
Frode Grytten Beat Band feirar vinteren, snømenn, desember og det nye året som snart skal kome.

Ring - A - Ding - Dong - Ding.