Fryd scene: Anders Lillebo Trio - Irsk tradisjonsmusikk i hu

Billettar

Om arrangementet

Anders Lillebo Trio tek Fryd Scene med til Irland og den irske folkemusikken. Lillebo er opphavleg utdanna jazzpianist, men ein folkemusikkfestival i Irland «forandra alt». I to år budde han i Galway og vart del av musikklivet der. Med seg til Ål har han to samspelte musikarar som lagar fest kvar gong dei tel raskt opp til fire og startar på ein reel.

Anders Lillebo – trekkspel og fløyter

Olav Rossebø – fele, mandolin og banjo

James Taylor – gitar 

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene er ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.

Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.