Christian Wallumrød ensemble (Fryd scene)

Billettar

Om arrangementet

Fryd scene presenterer:

Christian Wallumrød Ensemble - Internasjonalt format i kulturhuset

 

Gjennom fleire år med konsertar over heile verda, og med sju kritikarroste utgjevingar, har Wallumrød etablert seg som ei viktig stemme i norsk musikkliv. På siste plata «Many» har det akustiske biletet anstrøk av elektronikk og slik utvidar dei lydbiletet. Etter ei ufrivillig lang ventetid legg ensemblet endeleg ut på turnè med det nye materialet.

 

Christian Wallumrød – piano og harmonium,

Eivind Lønning – trompet,

Per Oddvar Johansen – trommer,

Espen Reinertsen – tenorsaksofon,

Katrine Schiøtt – cello

 

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene er ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.