Fryd scene: Christian Wallumrød ensemble

Billettar

Om arrangementet

Gjennom 15 år med konsertar over heile verda og med seks kritikarroste utgjevingar har ensemblet etablert seg som ei viktig stemme i norsk musikkliv. Den siste plateutgjevinga «Kurzsam and Fulger» mottok strålande kritikkar både nasjonalt og internasjonalt. Me ventar i spenning på komande album med påfylgjande turnè i Europa og i Norge. - Mellom anna på Ål.

Christian Wallumrød – piano og harmonium, Eivind Lønning – trompet,

Per Oddvar Johansen – trommer, Espen Reinertsen – tenorsaksofon,

Tove Törngren – cello

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene er ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.

Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.