Fryd Scene: Espen Wensaas og Bjørn Kåre Odde

Om arrangementet

«Heime-hjå konsert» hjå ordføraren

Espen Wensaas er gitarist og multiinstrumentalist. Han er fødd og vakse opp på Geilo men bur no i Oslo. 
Wensaas er kjend som ein av dei leiande utøvarane av norsk og skandinavisk folkemusikk, og har samarbeidd med ei rekkje store artistar. 

Bjørn Kåre Odde er frå Lom, spelar fele og komponerer musikk. Han vart kåra til årets folkemusikar i 2019. 

I 2022 gav Espen og Bjørn Kåre ut plata Lilleslåtter, med folkemusikk frå Gudbrandsdalen. 
Denne musikken vil dei dele med oss!


Musikarar:
Espen Wensaas - strengeinstrument
Bjørn Kåre Odde - feler