Jacob Young og Siril Malmedal Hauge (Fryd scene)

Billettar

Om arrangementet

Sofistikert vokaljazz

Fryd Scene inviterer til ein kveld med melodiøs og melankolsk vokaljazz.
Vokalist Siril Malmedal Hauge og gitarist Jacob Young spelar jazzstandardlåtar, popklassikarar og eigenkomponert materiale.

Med albumet «Last Things» (2018) hamna duoen på «beste album»-lista til amerikanske All About Jazz.
Likar du Eva Cassidy, Ella Fitzgerald og Chet Baker? Då er sjansen stor for at du kjem til å nyte dette.


Siril Malmedal Hauge - vokal
Jacob Young - gitar


Fryd Scene
gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene er ei kvalitetsbevisst, sjangerfri,
uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.