Fryd scene: Övinge/Wærvågen - Klassisk under Ål-taket

Om arrangementet

Kyrkjekonsert

Ein fantastisk duo med speleglede og smittsam musikalitet. Begge har gjort lynkarrierer og har hatt solistoppdrag ved fleire av dei fremste orkester i Skandinavia. Her er cello- og fiolinspel frå øverste hylle.

Velkomen til ein uformell og nær konsert under Ål-taket; berre slik du finn det på Fryd scene.

Sara Rose Övinge – fiolin

Frida Fredrikke Waaler Wærvågen – cello

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene er ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.

Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.