FRYD SCENE: Raknes / Brunborg

Billettar

Om arrangementet

Saksofonisten Tore Brunborg (kjent fra Masqualero, Manu Katchè og ei rekkje andre internasjonale stjerner) og bassisten Steinar Raknes (Stillhouse, Ola Kvernberg Trio, Arvas, osv) har gjesta Fryd scene tidlegare. Med nye låtar og ny plate tek me gjerne imot dei på nytt.

Dei to speleglade instrumentalistane skapar eit rikt og fengslande sound, med varm og djup energi og stor musikalsk vitalitet. Lydbildet er nakent, naturleg og transparent og heilt akustisk.  – Tenorsaksofon og kontrabass!

Kun med to instrument skapar dei to musikarane eit fullstendig musikalsk bilete, med harmoniar, melodiar og «groovar». Dette er lyrisk musikk, som vekslar mellom komplekse musikalske strukturar og det enkle og sangbare.

Tore Brunborg, saksofonar
Steinar Raknes, bass