Fryd scene: String swing -pur gitarglede!

Billettar

Om arrangementet

Tre musikarar med stor kjærleik for Django Reinhardts unike tilnærming til jazzen kjem til Ål. Gitaristane Gildas Le Pape og Magne Førland frå Hot Club de Norvege spelar saman med Rune Stoveland på kontrabass i stringswing-tradisjonen etter den kjende gitaristen Django Reinhard. Musikken er element frå tradisjonell fransk bal-musette stil med swingjazz og øst-europeisk folkemusikk i eit drivende gitarspel.

Musikken blir ofte kalla «sigøynerjazz» og dei tre musikarane fører denne tradisjonen vidare:

Gildas Le Pape – gitar, 

Magne Førland – gitar

Rune Stoveland – kontrabass

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene er ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.

Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.