Fryd scene: Tanja Orning og Ayumi Tanaka
Billettar
Om arrangementet
Pianisten Ayumi Tanaka og cellisten Tanja Orning er kjent som meisterlege improvisatørar på kvar sin kant. I dette duo-samarbeidet let dei seg inspirere av heile den klassiske musikkhistoria i eit særeige samspel. Dei tek deg med på ei reise, ei reise som opplevast for første gong av oss, og av dei sjølve. Ei reise som berre kan opplevast ein gong. Det blir spontant skapa musikk, musikk i og for augeblikket. Fantastisk musikk. Musikk som krev djup lytting. Musikk som gjev ei heil verd attende. Dette har du kanskje aldri opplevd før!
Ayumi Tanaka – flygel
Tanja Orning – cello og hardingcello
