Fryd scene: Vegard Holum Trio

Billettar

Om arrangementet

Vegard Holum Trio utforskar krysninga mellom improvisasjonsmusikk og meloditeften i moderne pop. Det resulterer i musikk som er tilgjengeleg for lyttaren, men som samtidig gjer musikken open og framsynt. Mens debutalbumet, «Heim», er inspirert av sunnmørsk natur, ser det siste albumet, «Borte», ut over landegrensene. Her er klangflatene i nordisk jazz, krydra med afrikanske rytmar og arabisk tonalitet.

Vegard Holum – trompet, Stian Andreas Andersen – kontrabass

Øystein Aarnes Vik – trommer

Fryd Scene gjev publikum store musikalske opplevingar i intime lokale. Fryd Scene er ei kvalitetsbevisst, sjangerfri, uhøgtidleg og fordomsfri scene på Ål.

Det er alltid høve til å kjøpe kaffi og heimelaga kake på konsertane.

Billettar kan óg kjøpast direkte i døra 30 minutt før konsertstart.