Håvard Gimse og Charlie Siem

Om arrangementet

Klassiske stjerner!

Håvard Gimse (piano) og Charlie Siem (fiolin) er blant dei aller ypparste musikarane me finn her i landet.
No får me endeleg høve til å høyre dei saman på Ål kulturhus.

Charlie Siem er ein av dagens fremste unge fiolinistar og han har spelt med mange av verdas finaste orkester og kammer-
ensemble. Han er lidenskapeleg opptatt av å bringe klassisk musikk til nye publikumsgrupper over heile verda og har gjenoppliva den eldgamle fiolinistiske tradisjonen med å komponere virtuose variasjonar av populære låtar. 
Dette har han gjort saman med mellom andre artistar som Bryan Adams, Jamie Cullum og The Who.

Håvard Gimse blir rekna som mellom dei fremste pianistane i  Skandinavia, ein musikar med ein sterk og djupt kjenslevar personleg stil. Han har eit omfattande repertoar på meir enn 30 pianokonsertar og er kjent for arbeidet som solist og kammermusikar.