Gjestespel: Opningskonsert med Sinikka Langeland og Per Anders Buen Garnås
Om arrangementet
To av våre aller fremste folkemusikarar møtast for fyrste gong til konsert, og vi er så heldige at det skjer akkurat her på Ål, ein julikveld i låven på Tolleivsgarden!
Sinikka Langeland frå Grue Finnskog har gjennom ei lang og innhaldsrik karriere skapt si heilt eiga musikalske verd. Trakteringa av det finske nasjonalinstrumentet kantele i kombinasjon med eldgamal runesong og kveding, har begeistra både kritikarar og publikum nasjonalt og internasjonalt i ei årrekkje. Ho har ei lang rekkje utgjevingar på ECM bak seg, der også element frå jazz og klassisk musikk er sterkt til stades. I seinare år har ho arbeidd mykje med tonesetting av poetar som Hans Børli og Jon Fosse - seinast i hennar siste utgjeving Wind and Sun.
Per Anders Buen Garnås byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Sidan tenåra har musikken vore ein stor del av levebrødet hans, og han har underhalde, hatt konsertar og turnert i store delar av inn- og utland. Han har vunne Landskappleiken 6 gongar, seinast på Gol i 2024. Han har også fleire CD-utgjevingar bak seg, både som solospelemann og som medverkande musikar. For soloalbuma har han vunne FolkeLarm-prisen to gongar og vore nominert til Spellemann 3 gonger.
Konserten er støtta av Gol spel- og dansarlag.
Gjestespel, festivalen som utforskar samspelet mellom ulike kunstartar, blir arrangert for andre gong i låven på Tolleivsgarden 31. juli - 3. august 2025. Dette er ein unik sjanse til å få oppleve kunst i verdsklasse i ein nær og eksklusiv kontekst. Temaet for årets festival er HUSLYD og tek utgangspunkt i biletkunstnar Hanne Borchgrevink sitt album HUS, der ho inviterte nokre av landets fremste utøvarar til å lage musikk til bileta hennar. Vi har invitert eit utval av desse for å gjenskape dette møtet live for publikum. Det blir i tillegg tingingsverk av forfattar Cecilie Løveid, utstilling av Tore Hansen, te-smaking, familiedag og mykje anna.
Det blir kun lagt ut 30 billettar til kvart arrangement, så bestill i god tid!
Festivalen er støtta av Norsk kulturråd, Fritt ord og Ål kommune og arrangert i samarbeid med Fryd Scene og Rivjødn.
Prisar:
300 kr (inkl billettavgift) per dag.
Festivalpass 600 kr (inkl billettavgift) - gir innpass på alle arrangement (med unntak av te-smaking laurdag 2. august som har separat pris).
Te-smaking laurdag 420 kr (inkl billettavgift).
Te-smaking + konserten "Vandring" 650,-