Gjestespel: Te-smaking og "Vandring"

Om arrangementet

Te er verdas mest utbredte drikk etter vatn - men kor mykje veit vi eigentleg om te-kulturen her til lands? Tedragen i Bergen importerar eksklusiv te frå Kina og Taiwan, og tar med seg eit utval av desse til tesmaking med noko attåt i anledning festivalen. Denne timen gjer vi låverommet om til eit lite te-hus, der vi vil få ei innføring i historikk, bryggeprosess og ikkje minst ein anledning til å smake te av ypperste klasse. Det blir kunstneriske innslag av Hans Hulbækmo, Maja Ratkje og Hild Borchgrevink.


Etter Te-smakinga kan ein få oppleve poesikonserten «Vandring» av Sigmund Løvåsen, Frode Haltli og Erlend Apneseth: 

«Vi går og går. Mot kvarandre eller frå kvarandre. Vi har alltid vandra, for å finne mat og nytt land, på flukt eller leit, tiår med ørkenvandring eller ei tung dørstokkmil. Vi er oskeladden med opne auge for alt som ligg langs vegen, eller felttog med eitt mål for auget. På 1800-talet vandra ein kar omkring i Noreg og sanka språk. For tusenvis av år sidan tok eit menneske det første steget på det som i dag blir kalla norsk jord. Vi tek eit steg mot eit anna menneske for å gi eit kjærteikn, millionar er på flukt, og over oss alle flyg vandrefalken.»

Slik set diktar Sigmund Løvåsen ord på kva han har undersøkt i verket «Vandring», opphaveleg eit bestillingsverk til dei Nynorske Festspela i 2021, saman med musikarane Erlend Apneseth og Frode Haltli. Tradisjon og nyskaping har gått hand i hand gjennom virket til begge musikarane gjennom fleire år, og i samspelet med tekst tek musikken til tider ei reflekterande og lyttande rolle. Andre stader kan musikken bryte laus i villskap og overdøyve poeten fullstendig.

Verket blir framført framfor - og i samspel med - bileta til kunstnar Tore Hansen.

Te-smaking kl 18:00
Poesikonsert kl 19:30

 



Gjestespel, festivalen som utforskar samspelet mellom ulike kunstartar, blir arrangert for andre gong i låven på Tolleivsgarden 31. juli - 3. august 2025. Dette er ein unik sjanse til å få oppleve kunst i verdsklasse i ein nær og eksklusiv kontekst. Temaet for årets festival er HUSLYD og tek utgangspunkt i biletkunstnar Hanne Borchgrevink sitt album HUS, der ho inviterte nokre av landets fremste utøvarar til å lage musikk til bileta hennar. Vi har invitert eit utval av desse for å gjenskape dette møtet live for publikum. Det blir i tillegg tingingsverk av forfattar Cecilie Løveid, utstilling av Tore Hansen, te-smaking, familiedag og mykje anna. 

Det blir kun lagt ut 30 billettar til kvart arrangement, så bestill i god tid! 
Festivalen er støtta av Norsk kulturråd, Fritt ord og Ål kommune og arrangert i samarbeid med Fryd Scene og Rivjødn.


Prisar: 
300 kr (inkl billettavgift) per dag.
Festivalpass 600 kr (inkl billettavgift) - gir innpass på alle arrangement (med unntak av te-smaking laurdag 2. august som har separat pris).
Te-smaking laurdag 420 kr (inkl billettavgift).
Te-smaking + konserten "Vandring" 650,-