Gjestespel: Utstillingsopning og urframføring
Om arrangementet
Det er ei stor begivenheit at to av våre fremste biletkunstnarar, Hanne Borchgrevink og Tore Hansen, kjem til Ål for å stille ut i Tolleivsgarden under Gjestespel 2025!
Vi opnar utstillinga med eit tingingsverk av ingen ringare enn Cecilie Løveid (biletet), ein Noregs største nolevande dramatikarar og diktarar. Ho har skrive eit nytt verk til Hanne sine bilder, og dette blir framført i samspel med Frode Haltli, Maja Ratkje og Lene Grenager. Det blir i tillegg kunstnerisk innslag ved Margit og Martin Myhr, spretting av spekekjøt og bobler i glaset.
—
Hanne Borchgrevink er ein av våre markante biletkunstnarar. Teknisk er ho ein meister i formale, koloristiske og perspektiviske verknader. Arbeida avslører kunstnaren si interesse for og suverene meistring av handverksmessige kvalitetar. Tematisk konsentrerer Borchgrevink seg om eitt enkelt og allmennkjennbart tema. Ho målar hus, særegne og mangetydige hus. Til synelatande enkle og naivistiske i forma, men berre til synelatande, for ved nærare kjennskap er Hannes hus sterke, levande og langt frå ukompliserte.
Cecilie Løveids forfattarskap er svært rikt og omfattar verk innanfor fleire sjangrar. Ho debuterte med romanen Most i 1972 og har sidan skrive både prosa, lyrikk og dramatikk. Hennar eksperimentelle scenetekstar har sidan 1980-talet vorte rekna som eit av landet sine mest originale bidrag til samtidsdramatikken, og ho blir rekna som ein av dei viktigaste lyrikarane i norsk litteratur. Ho har mottatt Ibsenprisen tre gonger, samt ei rekkje andre litterære prisar.
Tore Hansen var, som ein av dei viktigaste kunstnarane på den norske kunstscena på 1980 talet, med på å gjeninnføre det figurative måleriet i Noreg. Etter akademitida flytta han tilbake til sitt opphavlege miljø, stiliserte det og flytta det frå skogen og inn i kunsten. Dei kvardagslege observasjonane glir heilt naturleg over i eksistensielle menneskelege metaforar – svært ofte akkompagnert av ein skrå humor. Han har etter kvart økonomisert meir og meir med verkemidla. Det å redusere og konsentrere har blitt ei arbeidsmetode for å skape poesi. Motivkretsen har heile tida vore skog, tre, elg og menneske i «eit tidlaust og stadlaust landskap».
Maja S. K. Ratkje er ein norsk komponist og improvisasjonsmusikar. Ratkje er ein av dei viktige komponistane i sin generasjon i Noreg, både på grunn av sin høge aktivitet og store gjennomslag, og på grunn av korleis ho foreinar rollene som komponist og musikar med stemme og elektronikk på utradisjonelle måtar.
Frode Haltli er akkordeonist, utdanna ved Norges Musikkhøgskole og Det Konglige Danske Musikkonservatorium. Haltli har vunne ei rekke prisar, mellom anna 7 NM-titlar på trekkspel, Gammleng-prisen og fleire Spellemannprisar. Haltli har eit musikalsk virke som spenner frå samtidsmusikk og kammermusikk til jazz og folkemusikk, og er kjend både som solomusikar og gjennom ulike musikalske samarbeid.
Lene Grenager er cellist og komponist, og har skrive orkesterverk, kammermusikk og soloverk. Som utøvande musikar arbeider ho hovudsakeleg med improvisasjon og kollektiv komposisjon. Som cellist har ho gitt ut to soloalbum og har i tillegg medverka på eit 30-tals utgjevingar som komponist, musikar og produsent. Grenager er også mottakar av både Spellemannprisen og Arne Nordheims komponistpris.
Gjestespel, festivalen som utforskar samspelet mellom ulike kunstartar, blir arrangert for andre gong i låven på Tolleivsgarden 31. juli - 3. august 2025. Dette er ein unik sjanse til å få oppleve kunst i verdsklasse i ein nær og eksklusiv kontekst. Temaet for årets festival er HUSLYD og tek utgangspunkt i biletkunstnar Hanne Borchgrevink sitt album HUS, der ho inviterte nokre av landets fremste utøvarar til å lage musikk til bileta hennar. Vi har invitert eit utval av desse for å gjenskape dette møtet live for publikum. Det blir i tillegg tingingsverk av forfattar Cecilie Løveid, utstilling av Tore Hansen, te-smaking, familiedag og mykje anna.
Det blir kun lagt ut 30 billettar til kvart arrangement, så bestill i god tid!
Festivalen er støtta av Norsk kulturråd, Fritt ord og Ål kommune og arrangert i samarbeid med Fryd Scene og Rivjødn.
Prisar:
300 kr (inkl billettavgift) per dag.
Festivalpass 600 kr (inkl billettavgift) - gir innpass på alle arrangement (med unntak av te-smaking laurdag 2. august som har separat pris).
Te-smaking laurdag 420 kr (inkl billettavgift).
Te-smaking + konserten "Vandring" 650,-