Grease

Om arrangementet

Drammen Jerns musikkoprs, Marit Sehl, Allister Kindingstad. Kor og dansarar.

Drammens Jerns musikkorps har tidlegare hatt fleire gode samarbeid med songaren Marit Sehl, og denne våren legg dei
turen til Ål og Hallingdal for å få henne med seg som Sandy i hitmusikalen Grease. Dei hentar og lokale krefter i form
av eit stort prosjektkor på over 100 songarar som er sett saman av Kor for uss frå Ål, Hemsedalskoret, sangkoret Fønix frå
Drammen, samt lokale enkeltpersonar. Med seg som Danny har Marit fått songar og musikalartist Allister Kindingstad,
og dansarar frå Ål kulturskule bidreg med nokre heftige dansenummer i forestillinga.


Drammens Jerns musikkorps får også korpsmusikantar frå Ål inn i rekkjene sine, i tillegg til profesjonelle bandmusikarar.
Alt dette er under musikalsk leiing av Drammens Jerns musikkorps sin dirigent Jon Frode Berg.


Solistar:
Sandy - Marit Sehl
Danny - Allister Kindingstad
Kor: Kor for uss, Hemsedalskoret, Sangkoret Fønix og ca 20 enkeltståande personar
Musikk: Drammens Jerns Musikkorps