Hallingdal Ombruksfestival 24.-26. april
Om arrangementet
Velkomen til Hallingdal Ombruksfestival 24.-26. april.
Ein festival der alle dei seks kommunane i Hallingdal går saman for å synleggjere det store tilbodet av gjenbruk, delings-og reparasjonstenester i dalen. Anten du ynsker å lære meir om reparasjon av klede, delingstjenester, eller berre har lyst til å la deg inspirere, bli med og oppdag moglegheitene som ligg i ombruk og fellesskap i Hallingdal!
Fiksefest v/elevar ved Elektro- og datateknologi VG2 Ål
Treig PC, øydelagd ladar, lampe eller nettbrett?
Ta det med på fiksefest og få hjelp til å fikse dei øydelagde produkta dine!
Elevar ved elektro- og datateknologi ved Ål vgs stiller med verktøy og kompetanse, delar må du sjølv syte for, men vi kan gi råd om kvar desse kan kjøpast. Bli med å skru opp, utforsk og reparere dei øydelagde produkta, slik at dei får eit lengre liv.
Torsdag 24. april kl. 09.00 - 14.00 Fiksefest småelektronikk, foajeen Ål kulturhus.
Fredag 25. april kl. 09.00 - 14.00 Fiksefest småelektronikk, foajeen Ål kulturhus.
Folkeverkstad v/Karin Barasinski
I denne workshopen går me inn i kunsten å lage vakre og funksjonelle bøker ved hjelp av gjenbruksmateriale som gamle bøker, magasin, avisutklypp og anna materiale frå biblioteket. Deltakarane lærer grunnleggjande teknikkar i bokbinding, inkludert ein enkel metode for japansk bokbinding, og kreative metodar for å lage unike notatbøker, skissebøker eller dagbøker. Den japanske bokbindingsteknikken er kjent for si enkle, men elegante saum, som gir bøkene eit unikt handverksuttrykk.
Torsdag 24. april kl. 18.00-20.00 Unge vaksne, Ål bibliotek.
Laurdag 26. april kl. 12.00-14.00 Barnefamiliar, Ål bibliotek.
Den store klesbyttedagen
Ål bygdekvinnelag, Ål husflidslag og Ål frivilligsentral ønsker velkomen til klesbyttefest 26. april.
Ta med 7 heile og reine plagg og lever inn på førehand til frivilligsentralen. Det blir gratis drop-in i redesign workshop og reparasjonsrettleiing. Me har symaskiner, stoff og det som trengst til redesign. Ta med tøy som treng reparasjon.
Laurdag 26. april kl. 12.00-15.00 Klesbytte i foajeen, Ål kulturhus.
« « « Redesign workshop, drop-in, Ål frivilligsentral.
« « « Reparasjonsrettleiing, drop-in, Ål frivilligsentral.
Ombruksfilm – Ål kino
I samarbeid med Ombruksfestivalen syner Ål kino to populære filmar som ikkje lenger er i det vanlege kinoprogrammet.
Grusomme meg 4 er borna sin favoritt og The Old Oak er dei vaksne sin.
Ombrukspris kun kr 50,-/billett.
Sjå dei igjen eller for fyrste gong – for film er best på kino!
Fredag 25. april kl. 17.30: Grusomme meg 4
Fredag 25. april kl. 18.00: The Old Oak
Arrangørar:
Ål kulturhus, Ål frivilligsentral, Ål bibliotek, Ål bygdekvinnelag, Ål husflidslag og Hallingdal Ombruksfestival.
Ombruksfestivalen på Ål kulturhus er del av Regionrådet sitt prosjekt Hallingdal Ombruksfestival.
Gratis inngang!