Hallingrosa

Utstillinga i Ål kulturhus inneheld rosemålingskunst i verdsklasse, med særleg vekt på utviklinga av hallingrosa. Hallingdal har fostra fleire store rosemålingskunstnarar i løpet av dei siste hundreåra og denne utstillinga inneheld mellom anna gjenstandar rosemåla av Herbrand Sata, Nils Bæra og Embrik Bæra, alle med røter i Ål.

Denne utstillinga tek utgangspunkt i den kunsthistoriske utviklinga frå slutten av 1700-talet og fram til nyare rosemåling.

Utstillinga er open for publikum måndag-fredag kl. 08-16. I tillegg er det ope på kveldstid når det er kino eller andre arrangement på huset. (Utstillinga kan bli stengt ved møteverksemd i arealet)

Gratis inngang.