Hamnet

Om filmen

Originaltittel: Hamnet

Premiere: 2026-02-27

Varighet: 2t 5min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Chloé Zhao

Den gripande historia bak Shakespeare sitt største meisterverk.

Hamnet fortel den sterke kjærleikshistoria og tragedien som inspirerte Shakespeare sitt tidlause verk, Hamlet. I knallsterke hovudroller finn me Oscarnominerte Jessie Buckley og Paul Mescal som Agnes og William Shakespeare. Korleis går ein vidare som foreldre når den største ulykka inntreff? Filmen har hausta eit dryss med gode kritikkar rundt den kjenslesame og djuptgåande handteringa av eit sterkt tema. Hamnet vann publikumsprisen på høvesvis London Film Festival og Toronto Film Festival, har vunne Golden Globe for beste dramafilm, og Jessie Buckley har så langt vunne både Golden Globe og Critic's Choice Movie Award for sin prestasjon. Basert på boksuksessen skrive av Maggie O'Farrell, regissert av Oscar-vinnar Chloé Zhao. *** Nominert til 6 Golden Globe Awards *** Nominert til 11 Critics' Choice Movie Awards