Haugespor

Om arrangementet

Haugespor
Skaparånd, spetakkel...og strikkepinnar


Eit jubileumsspel i Hans Nielsen Hauge sine fotspor – 250 år etter hans fødsel.

Bli med attende til perioden 1796 til 1842, og opplev kva som skjedde i bygd og by i landet og på Vestlandet – med ein 
hyperaktiv, strikkande Hans Nielsen Hauge i front. 
Møt dei som var med og mot, forfølgjarar og etterfølgjarar. 

Fire skodespelarar og musikar spelar 30 roller i løpet av halvannan time. Lek og lærd, styrande kvinner og myndige menn, bønder og handelsfolk, biskop og lensmann, alvorstynga predikantar og lystige haugianarar.

Musikalske perler, gripande situasjonar og gapskrattande scener kjem på løpande band. 


Med: Ryfylke Livsgnist

Arrangør: Ål kyrkjeakademi, Ål Normisjon, Soknerådet