Heim

Om filmen

Originaltittel: Heim

Premiere: 2025-06-13

Varighet: 1t 35min

Sjanger: Komedie

Aldersgrense: 9

Originalspråk: Original

Regissør: Julie Skaufel

Heim er ein søtsnodig og schtøggvakker romantisk komedie om vennskap, sorg og kjærleik.

Når Anni (39) får sparken frå jobben og må flytte heim på jenterommet hjå mor si i heimbyen, får ho kvardagen snudd på hovudet. Ein situasjon som på ingen måte var ein del av Anni si planlagde karriere og privatliv. Brått er ho singel, blakk og utan jobb. Etter å ha sprunge frå si eiga fortid heile sitt vaksne liv, blir ho i løpet av sommaren nøydd til å konfrontere det ho alltid har flykta frå. Vil ho kunne hanskast med gamle vener, kjærastar og skrømt frå ungdomstida, eller er det lettare å stikke frå alt saman og reise attende til hovudstaden? Det som fyrst fortonar seg som ei katastrofe, syner seg å bli ei ny mogelegheit. Men ikkje før ho tek eit oppgjer med fortida si.