Hildringstimen - ein hyllest til Erik Bye

Om arrangementet

Hildringstimen er eit konsept laga av musikarane Espen Wensaas og Jon Berg Eriksen, og er ein konsert som hyllar Erik Bye sin 
musikk og poesi. 
Gjennom konserten får publikum høyre om Erik Bye sitt liv, og dei får høyre mange av dei  viseskattane han er så kjend for. 
Hildringstimen blir gjort med ein varm, inkluderande atmosfære og ein god porsjon humor som passar for alle aldrar.
Konserten har vore framført med stor suksess for publikum med eit aldersspenn frå 4 til 102 år. 

Jon Berg Eriksen, song
Espen Wensaas, gitar