Hillbilly Elegy

Om filmen

Originaltittel: Hillbilly Elegy

Premiere: 2020-11-13

Varighet: 1t 56min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Ron Howard

J.D Vance (Gabriel Basso) er ein tidlegare marinesoldat frå sør i Ohio som studerer juss ved Yale. Han er på nippet til å lande draumejobben når ei krise i familien tvingar han til å reise heim. Her blir J.D nødt til å navigere seg gjennom den komplekse dynamikken i hillbilly-familien hans og det flyktige forholdet han har til den rusavhengige mor si, Bev (Amy Adams). Gjennom minnene av bestemora Mamaw (Glenn Close), den tøffe og lynskarpe dama som oppdrog han, byrjar J.D å omfamne familien sitt uutslettelege avtrykk i hans eigne personlege reise. Boka "Hillbillyens klagesang" som filmen er basert på er ei av Cappelen Damm sine bestselgjande bøker og vart nettopp gjeve ut på nytt i pocket i samband med valet i USA. Boka (og filmen) er difor svært aktuell.