Hjem kjære hjem

Om filmen

Originaltittel: Hjem kære hjem

Premiere: 2025-06-27

Varighet: 1t 52min

Sjanger: Drama

Aldersgrense: 12

Originalspråk: Dansk

Regissør: Frelle Petersen

"En av årets beste filmer. Alle som mener noe om eldreomsorg bør se den" - Adresseavisen

Eit sjeldant rørande drama om eldreomsorg. Sofie er ei skilt, 32 år gamal kvinne, med ei dotter på 10 år. Ho ynskjer ein ny start i livet og byrjar å jobbe som heimehjelp. Sofie er flink til å skape gode relasjonar, både med dei eldre og kollegaene sine. Ho kjenner glede ved å gjere ein forskjell i brukerne sine liv, men får også snart kjenne på den pressa kvardagen for dei tilsette i heimehjelpa. Når Sofie får ei ubegrunna klage frå ein pårørande, blir det starten på ei utfordrande tid, der både omsorgen hennar for dei eldre og hennar eige dotter blir sett på prøve. HJEM KJÆRE HJEM er skreive og regissert av Frelle Petersen som sjølv jobba som heimehjelp i eldreomsorgen som research til filmen. Hovudrolleinnehavar Jette Søndergaard gjorde det same. «Filmskaperens ønske om å vise respekt både for dem som arbeider i eldreomsorg og for de pleietrengende brukerne gjennomsyrer filmen», skriv filmanmeldaren i Adresseavisen, Terje Eidsvåg, som kallar HJEM KJÆRE HJEM ein av årets beste filmar. «Filmen er inspirert av virkeligheten og de små og store menneskelige dilemmaene jeg har møtt på og opplevd selv. Sofie er en hverdagshelt, lidenskapelig opptatt av å gjøre en forskjell i jobben sin. Jeg var nysgjerrig på hvordan vi som mennesker reagerer når vi er under konstant press – både på jobb og i privatlivet. Hvordan vi ønsker å være der for dem vi bryr oss om, men ofte blir utfordret når energien tar slutt», seier regissør Frelle Petersen om filmen. Frelle Petersen sine filmar er kjenneteikna av realistiske kvardagslivskildringar frå Sør-Jylland der han sjølv kjem frå. Han brukar i stor grad ikkje-profesjonelle skodespelarar frå lokalmiljøet for å sikre at dialog og spel blir så verkelegheitsnært som mogleg. Regissøren har tidlegare laga dei kritikarrosa kinosuksessane ONKEL og RESTEN AV LIVET. Begge hadde Jette Søndergaard i hovudrolla. HJEM KJÆRE HJEM er den tredje filmen i denne trilogien av filmar frå Sør-Jylland. HJEM KJÆRE HJEM hadde premiere ved Berlin filmfestival. PRESSA OM FILMEN: «Engasjerende, rørende og øyeåpnende» - Filmmagasinet Ekko «En av årets beste filmer. Alle som mener noe om eldreomsorg bør se den» - Adresseavisen