Høna, egget og reven (Riksteatret)

Om arrangementet

Det er ikkje så moro å vere Høna når egget hennar brått blir borte. Særleg ikkje når ho finn ein rev i reiret der egget låg.

Riksteatret byr på ei nyklekka teaterforestilling for dei minste. Her møter du Høna, ei søt, sjølvopptatt og smånervøs eggemor. Og Reven, ein smart og sosial type. Saman legg dei av stad på jakt etter det bortkomne egget. Det blir ei spennande og verdsomspennande reise.

Undervegs møter dei mange forunderlege eggspertar: ei struttande og streng strutsemor, ein pertentleg og plettfri pingvinfar, ein hær hovudlause lus og ei kappande, kuttande krokodille-kokke. Høna prøverugar mange egg, men ingen av dei kjennest heilt rett.

Høna, egget og reven er ei morosam forestilling om vennskap, om å høyre til, om motgang, og om barn som blir annleis enn foreldra hadde forventa. Ein hyllest til det uperfekte livet!


For barn frå 4 år og alle vaksne.


På scena:

Henrik Bjelland, Eirin Schou Fævelen, Ragnhild Gravem og Hans Norman Røine


Team:

Regissør: Gunnar Eiriksson
Kostymedesignar, Scenograf: Kathrine Tolo
Scenograf, Videodesignar: Torbjørn Ljunggren
Scenograf, Lysdesignar: Elisabeth Kjeldahl Nilsson
Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen
Dramatikar: Nelly Winterhalder


Av Nelly Winterhalder


Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).


Produsert av Riksteatret