Host

Om filmen

Originaltittel: Host

Premiere: 2020-12-18

Varighet: 0t 56min

Sjanger: Skrekkfilm, Spenning, Horror

Aldersgrense: 15 år

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Rob Savage

100% score på Rotten Tomatoes, basert på 62 kritikkar. På grunn av covid-19 er Storbritannia stengt. Folk må halde seg heime, og for å unngå å døy fordi dei kjedar seg bestemmer seks vener seg for å gjennomføre ein seanse via Zoom. Dei får hjelp av mediumet Seylan, men noko går forferdeleg gale undervegs. Det uskuldige tidsfordrivet endar opp med å bli ein kamp på liv og død. Sjeldan har ein film fanga tidsånden så perfekt som "Host". Då filmen vart sleppt på Shudder, tok han horrorverda med storm. Med ein knapp times speletid har ikkje filmen eit einaste overflødig minutt. Det er rett og slett eit aldri så lite meisterverk me er vitne til her. Intens, skummel og meisterleg gjennomført!