John - den siste norske cowboy

Om filmen

Tittel: John - den siste norske cowboy

Premiere: 2021-10-22

Varighet: 1t 30min

Sjanger: Dokumentar

Aldersgrense: Tillatt for alle

Originalspråk: Engelsk

Regissør: Frode Fimland

John (94) er son av ein norsk innvandrar og driv den enorme ranchen sin i Montana på gamlemåten, heilt åleine. Rikfolk står i kø for å kjøpe eigedomen hans. Som son av ein norsk innvandrar, har John vorte oppdratt til å arbeide hardt og leve nøysamt. Men livet på ranchen er det einaste tilværet han vil ha, og han finn glede i både naturen, dyra og dei daglege oppgåvene på ranchen. John kastar aldri noko, og har ei rekkje gamle bilar og traktorar på eigedomen sin, som han på mirakuløst vis greier å halde i gang. Kvar dag snakkar han med bestevenen, Jim. Vennskapen deira går 75 år attende, og dei har ingen hemmeligheiter for kvarandre. John er ein forsiktig kar som har lite erfaring med damer og det søte liv. Jim har testa ut alt – «og meir enn det», men trass ulikskapane dei imellom er vennskapet sterkt, og Jim er den viktigaste personen John har i livet. John har eit mål om å leve og arbeide til han er 100 år, og meiner at kvar generasjon har eit ansvar for å forvalte jorda slik at ho er i betre stand enn då dei kom. Gjennom åra har mange rikfolk tilbode store summar for eigedomen hans, men John vil ikkje selge. Hans lykke og velstand ligg i fridomen til å arbeide på eiga jord, og det einaste han reknar er kvar nye morgon han kan stå opp og finne ut kva livet har å by på. Gjennom Frode Fimland sitt stillfarne portrett av ungkaren John, får me eit innblikk i eit levesett som tilhøyrer generasjonane før oss. Mykje har endra seg til det betre dei siste hundre åra, men kva har me mista undervegs? «John - den siste norske cowboy» stiller seg i rekkja av Fimland sine kritikarrosa poetiske portrett av mennesk som lever tett på naturen.