Jonas Fjeld & Kvarts

Om arrangementet

UTSELT!

NB! NY DATO for konserten som skulle vore 15. mars!!!
Dersom du hadde kjøpt billett til konserten som var oppsatt i mars, er den framleis gjeldande på ny dato. Dette gjeld også middagsserveringa på Kafé TID før konsert.

Jonas Fjeld – folkekjær rockepoet frå Konnerud i Drammen.
Etter musikalsk ungdomstid på brune kneiper og støvete danselokale har Fjeld sunge og skrive låtar som sit dønn fast i den norske folkesjela. Men alt før Engler i sneen, Hun kom og andre hits, snusa Fjeld på tradisjonsmusikk av ulike slag. Legendarisk er samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson, og Fjeld er seinast i vinter aktuell både i USA og Noreg saman med stjerneartisten Judy Collins og Chatham County Line.

Kvarts feira 20 år i 2018, mellom anna med to konsertar der dei tok opp att det særdeles trivelege samarbeidet med Jonas Fjeld. Denne musikalske samskapinga starta alt i 2006, og dei let anglo-amerikanske tonegangar blande seg uhemma med musikk dei likar å tru er urnorsk. Så moro er dette at Fjeld og Kvarts berre må treffast å spela nokre konsertar kvart år, og denne gongen vart heldigvis Ål og Hallingdal med i turneruta. Karane gler seg til å stå på scena i Ål kulturhus - som dei stolte seier er ein av heimebanane både til Jonas Fjeld og Kvarts.

Vel møtt til ein konsert med laus snipp og store øyre både på spelemenn og forhåpentleg også publikum!

Jonas Fjeld - vokal og gitar
Ben Basgaard - vokal og gitar
Jo Asgeir Lie - trekkspel
Øystein Rudi - fele og hardingfele
Tom Willy Rustad - bass, munnharpe, seljefløyte
Erlend Styve - vokal, gitar og dobro
Lyd: Tor Magne Hallibakken


************************************************************************

HEILAFTEN, BILLETT INKLUDERT MIDDAG:

For å gjere kvelden komplett, kan me tilbymiddagsservering på Kafé Tid før forestillinga.

Middagsserveringa startar 2 timar før konserten
Stad: Kafé Tid
Tid: Middagsservering kl. 17.00

Meny:
• Rømmebakt fjellørret med agurksalat og potet
• Tilslørte bondepiker