Jonas Fjeld setter bagen fra seg (NB! November 2026)

Om arrangementet

Jonas Fjeld tek siste runde!

Nyleg annonserte Jonas Fjeld at han gjev seg som turnerande musikar etter 2026, og spelar sin største konsert i karrieren i heimbyen Drammen 5. september same år. Men det finst også høve for deg som ikkje tek turen til Drammen!

Fjeld tek nemleg også med seg konserten «Jonas Fjeld setter bagen fra seg» ut på turné, med meir enn 30 konsertar rundt om i landet i 2026. 
Han har underhalde oss i meir enn 50 år. Han har laga nokre av nasjonallåtane våre. Han har fått oss til å le, gråte og tenkje med songane sine og ei eineståande formidlingsevne. Men alt har ein ende, også for Jonas Fjeld. No er tida komen for å setje bagen frå seg etter eit liv i musikkens teneste. Men fyrst skal det bli gjennomført ein siste runde.

Jonas Fjeld er ein artist som takka vere den lange karrieren er meir allsidig enn mange andre kan drøyme om å bli. Han starta som gjøglande rockar i det elleville bandet Jonas Fjeld Rock ‘n’ Rolf Band, held fram med seriøs funk innspelt i USA, laga country-plate i Nashville, samarbeidde med utallige norske artistar på plate (Hilde Heltberg, Lillebjørn Nilsen, Randi Hansen, Ivar Medaas, Øystein Sunde m.fl.), gjorde comeback som soloartist med country-inspirert viserock, spelte amerikansk folkemusikk saman med Rick Danko frå The Band og Eric Andersen, samarbeidde med visekongen Ole Paus og rockepoeten Henning Kvitnes, kasta seg ut i bluegrass saman med Chatham County Line, og gjekk til topps saman med legendariske Judy Collins. For ikkje å snakke om Jonas Fjeld Band, som var leiande innan norsk rock på 80-talet med to Spellemannprisar. Noko som understrekar at Jonas Fjeld er ein artist utanom det vanlege – ikkje berre i norsk, men også internasjonal samanheng. 

No nærmar han seg målstreken, og det skal feirast. For sjølv om dette blir hans siste runde, er det ikkje snakk om å henge med hovudet og ta farvel. Tvert imot – på desse konsertane skal Jonas Fjeld framstå som den artisten han i bunn og grunn er: Ein artist som elskar publikumet sitt, som elskar å opptre, og som evnar å nyte nuet. Kvar konsert på denne turnéen vil bli ein fest. Men ta med eit lommetørkle, slik for sikkerheits skuld. For er det noko Jonas Fjeld verkeleg kan, så er det å lokke fram kjenslene i oss. Det finst ingen som er hans like. DET skal feirast!