Gratis utekonsert: STAUT

Om arrangementet

Ål kulturhus startar jubileumshausten med stor, gratis utekonsert med sjølvaste Staut.
Me håpar mange vil bli med på oppstarten av 30-årsjubileet til storstugu vår.

Staut er eit av dei mest populære banda i landet, og i mai i år sleppte dei den nye singelen Sneia Månin. Bandet, som har turnert landet rundt oftare enn dei fleste og samla både fyrsteplasser på salslistene og gullplater, kjem til plassen utanfor Ål kulturhus for å underhalde små og store i (håpar me) finvêret! Me får høyre både nye låtar og kjende hits.

Der Staut spelar blir det alltid livleg og god stemning, så dette blir garantert ein ”høydare” som alle kan få med seg.

Konserten går føre seg utanfor kulturhuset.


Velkomen til jubileumshaust!