Jul i Svingen
Billettar
Om arrangementet
Det er desember i Svingen og juleførebuingane er i full gang. Adventskalendarar skal opnast, Julegrana skal tennast, koret skal synge. Alt er som det skal vere.
Eller er det verkelegdet? For Marvin, far til Linus, har som vanleg sine eigne idéar om korleis ting bør gjerast. Morosame idéar, spennande idéar, men er det gode idéar? Agnetha, mor til Linus, brukar ikkje å synast det.
Og så flyttar det inn ein ny familie i Svingen. Og dei kjem frå Sletta! Kan dei bli vener med ungane i Svingen?
Gutta skal på hyttetur. Det gjer dei kvart år, men denne gongen skjer det noko rart. Og det blir kanskje rarast for Nure.
Og kven skal vere Lucia i år? Alle vil, men berre èin kan. Og det er ikkje lett å bli einige!
Akaya skal reise bort i jula og Atif, som er muslim, feirar ikkje jul. Så korleis skal barna treffe kvarandre på juleftan? Blir ikkje det heilt umogleg? Men ungane i Svingen er smarte og finn sjølvsagt ei løysing.
Jul i Svingen er som juler flest. Nokre gler seg, andre gler seg ikkje fullt så mykje. Noko er spennande, noko er hyggeleg, noko er litt leit og mykje er morosamt. Men ein ting er sikkert: det blir Jul i Svingen!
Forestillinga varar i 1t og 45 min inkl pause.
Dramatisert for scene av: Kjetil Indregard
Musikk: Odd Nordstoga/John Vinge
Sangtekstar: Odd Nordstoga/ Kjetil Indregard
Original musikalsk arrangør: John Vinge
Medverkande:
Linus: Julian Bach
Nure: Lars Helge Throndsen
Åsa/Victoria: Linn Gabrielsen
Akaya/Lucy: Anniken Bakken Lundberg
Atif: Julio Daniel Ragnhildstveit
Agnetha: Vanja Lie Wagenius
Marvin: Mads Årseth Berntzen
Biggen: Gorm Jenseg
Børre/Thor: Christopher Emil Jørgensen
Grete Bergum/Frelsesarmèdame: Turid Synnøve Rivertz Vatne
Regi: Bjørn Birch
Scenografi: John Johansen
Kostymer: Monica Bruvang
Produsert av Victoria Productions AS.
Basert på NRK sin julekalender “Jul i Svingen”, produsert av NRK.
Manuskript av Kjetil Indregard.
TV-regi: Atle Knudsen.
Musikk: Odd Nordstoga.
Teaterforlag: Teaterforlaget Songbird AS