Reisa til julestjerna m/Ål kulturskule

Om arrangementet

Ei forestilling for heile familien!  

Det er i år 100 år sidan Reisen til julestjernen av Sverre Brandt hadde urpremiere på Nationaltheatret. 

Reisa til julestjerna er ei hjartevarm forteljing, om den bortkomne prinsesse Gulltopp. Ho forsvinn på sjølvaste julekvelden då ho blir lurt ut i skogen av den vonde greven for å leite etter julestjerna. Dronninga døyr av sorg, og kongen blir heilt åleine. Kongen blir så fortvila at han forbannar julestjerna, og mørke og sorg senkar seg over riket hans. Ein kveld kjem ei gammal enkje til slottet. Ho fortel kongen ein spådom om at prinsessa vil koma attende, dersom han greier å få julestjerna til å skine att. Kongen gjer alt han kan for å få stjerna til å lyse, men han treng hjelp. Kanskje han får det frå uventa hald?

Kom og opplev denne folkekjære forteljinga om håp, mot og julemagi.
Dansarar frå Ål kulturskule gjer historia levande med dans, stemningsfullt lys og vakker musikk.

Koreograf: Mai Lene Eliesen   
Lyd/lys: Hallingdal Lyd   
Arrangør: Ål kulturskule