Juleljom
Billettar
Om arrangementet
Når vintermørkret legg seg over bygder og dalar, inviterer me til ei førjulsstund fylt av varme, nærleik og livsglede. Her finst dei stille tonane som gjev rom for ettertanke, men òg den leikande krafta i musikken og dansen som får hjartet til å slå litt raskare og smilet til å breie seg.
Juleljom er eit møte mellom levande tradisjonar frå Hallingdal, Valdres, Trøndelag og Nord-Østerdal - tre sterke folkemusikktradisjonar i ei varm og levande førjulsstund – ei stund der det gamle og det nye, det høgtidlege og det leikande, får klinge saman.
Velkomen til ein konsert der musikken og dansen får ljome gjennom adventstida, tenne førjulsgleda og minne oss om at dei vakraste tradisjonane er dei som blir delte.
Medverkande:
Alf Hulbækmo - orgel
Bendik Smedåsgjelten Qvam - bukkehorn, seljefløyte, gitar
Selma French Bolstad - hardingfele, gitar, vokal
Silje Onstad Hålien - dans
Silje Risdal Liahagen - dans, vokal
Synnøve Brøndbo Plassen - vokal, gitar, lyre
Barn/ungdomspris til 25 år.
Støtta av Buskerud Fylkeskommune si ordning Ung deltaking.
