Jungelgjengen på Verdensturne

Om filmen

Originaltittel: Les As de la Jungle 2

Premiere: 2024-01-26

Varighet: 1t 29min

Sjanger: Animasjon, Barnefilm, Familiefilm

Aldersgrense: A

Originalspråk: Norsk

Regissør: Laurent Bru, Yannick Moulin, Benoît Somville

Teamet bak JUNGELGJENGEN og TIMMY OG MONSTERPLANETEN er attende med eit nytt fargerikt og heseblesande eventyr om dei sprø og elskelege skapningane frå JUNGELGJENGEN. JUNGELGJENGEN PÅ VERDENSTURNÉ er ein spennande og actionfylt animasjonsfilm spekka med tempo, humor og sære karakterar. Flott underhaldning for heile familien!

Når ein mystisk superskurk dekkjer jungelen med giftig rosa skum som eksploderar ved kontakt med vatn, blir Jungelgjengen kalla inn til unnsetning. Det er mindre enn ein månad til regntida, så gode råd er dyre! Saman med nye allierte må heltane våre reise verda rundt på jakt etter den nødvendige motgifta. Frå dei ytre delane av Norden til Europa, Asia og Midtausten må dei gje seg ut på ei storstilt jakt, for denne gongen møter dei ein motstandar smartare og meir djevelsk enn nokon gong. For Maurits og venene hans har innsatsen aldri vore høgare!