Kaleidoskop (Ål kulturskule)

Om arrangementet

Hugsar du kjensla av å sjå inn i kaleidoskopet for fyrste gong som liten? Korleis mønstra endra seg og ljoset fekk alt til å skine? Opplevinga var aldri lik og det var stadig meir å oppdage. Slik er også dansen. Eit univers som gjev oss høve til å utforske og stadig finne fleire skattar.
Bli med inn i den magiske danseverda vår der kaleidoskopet er fylt med dansarar, musikk, energi og vakkert ljos!
Dei 208 dansarane våre frå 3-20 år har lengta etter scena, og no er dei klare for å danse saman - for deg og dine.

Koreografi: Trude Saksen, Iris Almås Tangeraas og Rannveig Øygardslia