Karar les

Om arrangementet

Gratis inngang (ikkje behov for billett)



Det viser seg at lesarar ofte finn fram til bøker som andre lesarar har anbefalt.
Denne kvelden får vi møte tre lesande karar som kvar har med seg tre gode leseanbefalingar.

Kva gjer at ei bok fenger? Og korleis finne fram til desse bøkene?

#leslikogdel er ein anbefalingskampanje som fleire bibliotek i Buskerud deltek i.
Kampanjen på Ål er leia av forfattar Bergljot Kaslegard og «Karar les» avsluttar
denne kampanjen for i år.