Kari Bremnes Duo

Om arrangementet

Kari Bremnes er aktuell med 6 nye sangar på EP’en "Ennu her" som kom ut i september. Om tittelen seier Kari: Jeg har kalt platen for "Ennu her" fordi det er sant. At vi er her nå. Samtidig. Så enkelt og selvfølgelig, men innimellom stort og merkelig å tenke på. Vi snakker, tenker, scroller, hører musikk, drømmer, ler, puster, elsker. Ser framover, ser tilbake, stryker en katt, krysser en gate, går videre. Vi som kan. Fordi vi ennå er her.

Kari Bremnes har dei siste åra stort sett gjort konsertar med heile bandet sitt. Men innimellom gjer ho nokre få, eksklusive konsertar i duoformat med Bengt Hanssen på tangentar og vokal. Han er også produsent for Kari sine utgjevingar.
I duoen ynskjer Bremnes å ta vare på mykje av det dynamiske spennet i musikken, sjølv om dei berre er to på scena. Ved hjelp av eit omfattande keyboardoppsett gjev dei publikum ei større lydverd enn i eit klassisk duoformat. Det trur musikarane både sangane og konsertane har godt av.

I tillegg til Kari og Bengt er lydmann Geir Østensjø ein sentral medmusikant i besetninga.
På denne konserten vil publikum få høyre eit breit utval av dei nye sangane, men også sangar frå heile katalogen til vår alles kjære Kari Bremnes.