King of Staten Island

Om filmen

Originaltittel: King of Staten Island

Premiere: 2020-06-26

Varighet: 2t 17min

Sjanger: Komedie

Aldersgrense: 12 år

Regissør: Judd Apatow

Ein komedie om kjærleik, sorg og gleder på Staten Island i New York, med "Saturday Night Live"-stjerna Pete Davidson i hovudrolla. Scott (Davidson) var sju år då far hans døydde i jobben som brannman, og har sidan den gong levd eit liv med minst mogleg innsats. Han er no i midten av 20-åra, har oppnådd minimalt, og drøymer fåfengt om å bli tatovør. Den ambisiøse veslesystera hans (Maude Apatow) reiser av stad til college, medan Scott bur heime hjå mora (Marisa Tomei), og tilbringar dagane med hasj og kompisar – og ein hemmeleg flørt med barndomsvenninna (Bel Powley). Fyrst når mora innleiar eit forhold til den brautande brannmannen Ray (Bill Burr), følgjer ei rekkje hendingar som trugar Scott til å bearbeide sorga og ta sine fyrste, forsiktige steg vidare i livet. Regi av Judd Apatow (Trainwreck, Knocked Up, The 40-Year-Old Virgin).